
Olav Duun står sentralt i norsk litteraturhistorie. Kunsten han skapte nådde ut til heile verda, og i 1926 mangla han berre éi røyst på å få Nobels litteraturpris.
Han heitte Ole Julius Raabye, men tok med tida namnet Olav Duun etter garden han voks opp på ute på Jøa. Etter lærarskule i Levanger og nokre omflakkande år som lærar slo han og kona Emma seg ned ved Holmestrand i 1908. Her blei han buande til han døydde i 1939, og her skreiv han mest alle sine 31 bøker.
Berre tre av bøkene handlar om fortida. Olav Duun skreiv ei psykologisk samtidshistorie om det å overleve. Den verda og kunsten han her skapte, nådde ut til lesarar verda over: nær 70 omsette bøker på 15 språk. På norsk var bøkene hans prenta i 150 000 eksemplar fram til 1950.
Olav Duun er ein av hovudpersonane i norsk litteraturhistorie. Bøkene var hans originale og sjølvstendige verk, men impulsane kom frå mange kantar. Få av dei forfattarane som var særleg viktige for han, blir lesne av mange i dag.
Utstillinga handlar om kva forfattarar Duun kjende seg i slekt med, og om nokre av dei forfattarane han hadde kontakt med.
18. mai - 30. mai 2026, Svanhilds salong, Stjørdal bibliotek.