fredag, 21. november, 2025 kl 17.00

Margreth Olin

Details

Ein song til mor og ein song til naturen

Margreth Olins mor har aldri vore som andre mødrer. Kanskje skulle ho ha vore kunstnar sjølv. Ho arbeidde på handelslaget, det var ein kunst, det òg. Ho var fylt av song og kjærleik.

Etter tretti år som filmskapar blir Margreth overmanna av livet og veit ikkje korleis ho skal takle det. Som alltid reiser ho heim for å søkje råd hos foreldra sine. Resultatet er filmen Fedrelandet. Natta etter premiereframsyninga i Oldedalen blir Margreth Olins mor brått sjuk. Ho døyr to døgn seinare.

Song til mor skriv seg fram frå sorga. Dette er ei øm forteljing om livslang kjærleik – til naturen, til kunsten, til mor og far.

 

Arrangører: Stjørdal mållag og Stjørdal bibliotek

More info
Save in my calendar
Tickets
Organizers
Stjørdal bibliotek
See more events
folkebiblioteket@stjordal.kommune.no
Venue
Kimen Kulturhus
See more events
Vektersalen
Sandgata 15
7500 Stjørdal