Torsdag, 12. mars, 2026 kl 17.00

Vegen som vart min - Oddgeir Bruaset ser tilbake

Detaljer

Oddgeir Bruaset (f. 1944) er frå Måndalen i Romsdal og bur i Spjelkavik i Ålesund. Han har skrive eit trettital bøker og er ein ettertrakta foredragshaldar.

Bruaset jobba i NRK frå 1971 til 2014. Gjennom desse 43 åra har Bruaset samla det norske folk rundt radioen og TV-skjermen. Han har laga hundrevis av TV- og radioprogram, og er kanskje mest kjend for å ha laga Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – som har blitt ein av dei mest populære TV-seriane i Noreg gjennom tidene. Men kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? Kva skjer i kulissane under opptaka?

Gjennom historia til Bruaset får vi innblikk i kva som har rørt seg i norsk mediehistorie frå 1971 til 2014. Om TV-produksjon i 80-åra, om ressursar i distrikta samanlikna med Marienlyst og om å lage TV-program om alt frå natur, tragediar, kongefamilien og Erik Bye.


I denne boka fortel Bruaset også om seg sjølv og oppveksten i Romsdal, om den underlege vegen til NRK, om å måtte velje mellom kateteret og mikrofonen, om hardt arbeid, helikopterulukker og om å komme nær folk når ein har eit kamerateam på slep. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Stjørdal bibliotek og Stjørdal mållag og er gratis.

Mer info
Lagre i kalenderen min
Kategorier
Billetter
Gratis
Arrangører
Stjørdal bibliotek
Se flere arrangementer
folkebiblioteket@stjordal.kommune.no
Sted
Stjørdal bibliotek
Se flere arrangementer
Sandgata 15
7500 Stjørdal